page view image

NYNORSKDAGANE i Alver kommune. Konsert med Gunn Kvaale m/band

Gunn Kvaale m/band kjem til Samfunnshuset Skogen Sletta og held konsert under Nynorskdagane i Alver kommune. Supportband er bandet "Post Office".

Information
event image

Velkomen til konsert med Gunn Kvaale m/band på Samfunnshuset Skogen på Sletta under nynorskdagane i Alver kommune. Supportband er bandet "Post Office".

 23 år gamle Gunn Kvaale frå Sogndal er ein ung og ambisiøs popartist som i februar i år kom ut med debutalbumet « Eit fullt møblert hjerte». Fleire av songane på albumet er blitt hyppig spelt på radio den siste tida, mellom anna « ver så snill» 

Gunn Kvaale vann tidlegare i år prisen for «Årets artist» under Luttprisen 2025.  Ho har allereie i ei årrekkje spelt mange konsertar, og hausten 2024 varma ho opp for Maria Mena på turneen hennar. 18. oktober kjem ho, med band, og speler på Samfunnshuset, «Skogen» på Sletta!  

Post Office er eit ungt band frå Alver og Øygarden, beståande av vokalist Kira, gitarist Tommy, bassist Jakob og trommis Aleksander. Dei blei kjende gjennom musikken og har spelt saman i omtrent 1 år. Bandet har allereie fleire scene framføringar bak seg, og ser fram til å komme til skogen på sletta! 

Arrangementet er i regi av Radøy mållag og i samarbeid med Samfunnshuset Skogen, Sletta og Alver kommune. Det vert pøbb og enkel matservering etter konsertane.

nynorsk konsert

Restriktioner

Det er 18-årsaldersgrense med vergeordning på dette arrangementet.